Overnatting

På Nesholmen kan du overnatte i trygge omgivnader til ein rimeleg pris

Bygningar

Nystova

Nystova har to etasjar som kan leigast kvar for seg. Kvar etasje har 10 soverom med to eller tre senger (etasjeseng på 3-sengsromma), totalt 24 senger i første etasje og 25 i andre. Det er vask på alle soveromma. Der er 4 bad med wc og dusj i kvar etasje, og i tillegg er der eit handicapbad i første. Der er stove med kjøkkenfasilitetar (komfyr, mikrobølgeovn, kaffitraktar, vasskokar, kjøleskåp, frys og oppvaskmaskin) i begge etasjane og TV.

Hovedbygget – «nye» del

Denne delen var bygd i 1975 og rommar matsal, kjøkken, personaldel, hall og kafè. Matsalen har plass til i overkant av 100 personar, men ein kan få plass til endå fleire gjester om ein slår saman hallen med kapellet. Kafèen eignar seg for mindre selskap og møte for inntil 30 personar. 

Huset kan leigast både med og utan personell frå Nesholmen. Vi har ikkje profesjonell kokk, men lagar mat til ein del selskap (ikkje til bryllaup). Du kan også lage mat sjølv, eller bestille catering frå nokon andre.

Hovedbygget – gamle del

Den eldste delen av hovedhuset vart offisielt innvigd i 1951. Den rommar kjellar til båtutstyr m.m., kapell og salong. «Pensjonatet» i 2. etg er ikkje lenger i bruk til overnatting, då bygget ikkje tilfredsstiller gjeldande krav til rømningsvegar og brannmotstand i konstruksjonen. 

Salongen kan nyttast av inntil 50 personar til selskap eller sosialt samvær. Kapellet er eit allsidig rom som blir brukt til gudstenester, møte, selskap, leik og fysisk aktivitet for å nemna noko.

Andersstova (Holmen)

  • 1 rom med 4 senger
  • 2 rom med 7 senger

Bakkehuset (Holmen)

Bakkehuset er opprinneleg eit gammalt bustadhus, flytta frå Bakkjen på Solheim. Eigen inngang til det eine 4-sengsrommet.

  • 2 rom med 4 senger
  • 1 rom med 6 senger
  • 1 rom med 9 senger

Bua (Holmen)

Bua er opprinneleg frå ca 1700, og er flytta frå Nilstunet i Eimhjellen.

  • 1 rom med 8 senger
  • 1 rom med enkelt kjøkkenutstyr og kjøleskåp

Hjortsetbua (Holmen)

  • Stove med kjøkkenkrok og kjøleskåp
  • 1 rom med ei lita dobbelseng
  • 1 rom med familiekøye

Nilsstova (Holmen)

Nilsstova er opprinneleg ei røykstove frå byrjinga av 1800-talet, og er flytta frå Nilstunet i Eimhjellen. Nilsstova vert brukt som samlingshus for grupper på 20-35 personar. Der er eitt soverom med dobbelseng, og ved besøk av store grupper kan vi leggje ut madrasser for ekstra soveplassar.

Det er ikkje varme i hovedrommet, men ein kan fyre i peisen, og dei kveldane myggen kosar seg som verst ute, tar ein gjerne leirbålet her.

Sanitærbygget (Holmen)

Inneheld dusjar, WC og kjøkken for hyttene på Holmen.

Ringhytta

Ringhytta er for tida utleigd på heilårsbasis.

Ringhytta ligg avskild frå dei andre hyttene og har eiga båtbrygge og sandstrand like ved. Der er økotoalett og vatn på ein krane på husveggen om sommaren. Ringhytta er ei koseleg hytte med enkel hyttestandard for sjølvhushald. TV.

  • 1 rom med 2 senger
  • 1 rom med 3 senger (familiekøye)
  • hems med plass til 5 madrasser

Ta kontakt ved spørsmål

Arrangement og aktivitetar​

På Nesholmen skapar naturen ei ugløymeleg ramme rundt dine arrangement, same kva det måtte være. Nesholmen innbyr også til eit aktivt opphold.