Haustdugnad 17.okt og 22.okt dersom noko igjen å gjere

Årets haustdugnad vert laurdag 17.oktober (samtidig med hausttreffet), og torsdag 22. oktober for å gjere resten, dersom det er noko som må vente til etter hausttreffet.

Dugnad frå kl 9.30 og utover laurdag 17. oktober. Nesholmen stiller med mat, kaffi og noko attåt til alle som deltar. Meld frå på tlf 909 24 500 om du vil komme, så blir det litt lettare for oss å planleggje både mat og arbeidsoppgåver.

Velkommen til ein dag med sosialt fellesskap og god nytte for Nesholmen!

Aktuelle arbeisoppgåver på haustdugnaden:

Ta inn volleyballnettet

Setje utemøblar under tak

SUP-brett og grillar i hus

Båtar og kanoar på land (viss ikkje hausttreffdeltakarane skal bruke dei meir)

Sage opp nokre gamle senger til ved

Lage stengsel og dør framfor veden i naustet

Rake lauv og rekved

Sy gardiner