For deg som er for gammal til å vere på SFO i haustferien, men foreldra har ikkje ferie. Men viss mor eller far har tid og lyst å vere med, så er dei vaksne velkomne til å vere med også. (og evt småsysken om mor eller far er med), På denne leiren vil vi oppleve hausten. Vi skal fiske med garn i vatnet, steike fisk på bål, gå på fjelltur m.m. Vi vil også ha nokre inneaktivitetar på lur viss vèret blir for gale.
Denne leiren er avlyst i 2026. Vi var nok altfor seint ute med informasjon, så haustferieplanane var lagde hos dei fleste familiar. Vi satsar på å gjennomføre leir haustferien 2027, og då i regi av KFUK-KFUM-Sogn og Fjordane.