57 86 96 54 post@nesholmen.no

Historie

Kort om lang historie

Den beste plassen!

«Eg er på leiting etter ein leirplass, Anders». «Eg veit plassen». Denne opninga av ei samtale mellom Magnus Hauge og Anders Hjorteset (bilde) blei innleiinga til ei spennande historie om Nesholmen Leirstad i Hyen. Magnus Hauge var sekretær i Nordfjord krins av Norges Kristelige Ungdomsforforbund (NKUF), no Norges KFUK-KFUM.

Mange ungdomar reiste gjerne lange vegar for å oppleve fellesskapet på ein kristen leir. Då Hauge i 1943 fekk sjå staden som Anders Hjorteset hadde peika ut, blei han begeistra: «Dette er beste plass som finst til å ha ein leirstad for ungdomen i Nordfjord!» Begeistringa breidde seg snart til mange andre framsynte menneske. Ei omfattande førebuing med innsamling av pengar og stor dugnadsinnsats blei sett i gang. Biskop Ragnvald Indrebø vigsla den store, raude bygningen med internat og kapell 22.juni 1951. Snart var ein i gang med leirar for ulike aldersgrupper av born og unge. Og verksemda auka på. Det blei trong for fleire plassar til overnatting, og oppfinnsam som han var, fekk Anders Hjorteset styret med på å flytte fleire gamle hus til Holmen. Der blei det både rom for senger og gruppemøte. Men sjølvsagt blei det spørsmål om meir pengar både til drifta og investeringane i anlegget. Etter ei tid med sonderingar om andre løysingar blei Sunnfjord krins av NKUF medeigar av leirstaden i 1969.

Meir  plass for meir folk

Åra som følgde var ei tid med frisk og sterk vekst i det kristne barne- og ungdomsarbeidet. Mange unge blei med i Ten Sing-kor og andre grupper knytte til NKUF. Og Nesholmen blei sjølve knutepunktet i fellesskapet. Framsynte og modige leiarar tok initiativ til vidare utbygging av leirstaden. Folk slutta opp om planane med store pengegåver og tallause dugnadstimar.

I 1975 stod nybygget på vel 400 kvadratmeter ferdig med matsal, kjøkken, kafe, hall, toalett og arbeidsrom. På opningshøgtida 16.-17.august var om lag sju hundre menneske med og feira denne viktige utvidinga og fornyinga av Nesholmen. No blei det trong for fleire og betre plassar for overnatting.

Husa på Holmen blei etter kvart pussa opp, og eit nytt sanitæranlegg for denne hyttegrenda stod ferdig i 1980. Men endå var det klart at leirstaden trong fleire rom til overnatting, og det måtte bli ein høgare standard enn i dei gamle husa på Holmen. Nett då skulle planen om bygging av kraftverk og regulering av Storefjorden setjast i verk. Det blei gjort avtale med Sogn og Fjordane Kraftverk om bygging av eit hus med førti senger i tjue dobbeltrom fordelt i fire seksjonar. Der skulle arbeidsfolka bu medan dei bygde kraftstasjonane, og Nesholmen skulle halde dei med mat. Etterpå skulle Nesholmen overta huset utan vederlag for anna enn inventaret. Nystova blei bygd i 1984 og føya seg lageleg inn i landskapet. Dette blei ei svært heldig løysing og leirstaden kunne no ta imot langt over hundre personar til overnatting.

Slå ring om Nesholmen!

Nybygg og vedlikehald av det store anlegget på Nesholmen måtte likevel koste mange pengar. Det hjelpte godt på økonomien då Sunnfjord Krins av NKUF selde Førde Hotell og det blei lagt til rette for at ein stor del av salssummen blei nytta til støtte for Nesholmen. Jamvel om mange tok del på leirar og andre tilskipingar for born og unge, måtte andre inntektskjelder til for å halde verksemda i økonomisk ballanse. Det kom godt med at staden eigna seg også til store samlingar som konfirmasjonsselskap, bryllaup og slektsstemne. Særleg viktig var det at mange vaksne tok ansvar for leirstaden med pengar og praktisk innsats. Frå 1962 og i mange år utetter var «Nesholmringen» ei stor og kreativ støttegruppe. «Ring-hytta», som ligg ved ei idyllisk vik på Holmen, blei sett opp i 1963. Tretti år seinare stod Bønehytta ferdig som ei gåve frå «Ringen». Denne hytta står der som ei stillferdig påminning om kraftkjelda bak alt godt som skjer på denne velsigna staden. Hovudbygningen var enno ikkje ferdig sommaren 1950 då fyrste leiren fann stad. Med alt som er gjort der sidan, er Nesholmen ikkje ferdig. Det er ein byggeplass i Guds rike. «For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.»(1.Kor.3,9)

Les mykje meir om Nesholmens historie i boka av Oddvin Lotsberg: «Liv i leiren – Nesholmen 50 år.»

Kontaktinformasjon

Adresse: Nesholmen, 6829 Hyen
Telefon: 57 86 96 54
Mobil: 909 24 500
E-post: post@nesholmen.no