Om oss

Om oss

Nesholmen er staden for naturopplevingar for heile familien. Plassen ligg sentralt plassert ved rv. 615 med Florø, Førde og Sandane innanfor ein radius på ein time.
Nesholmen er staden for aktiv fritid. Med Eimhjellvatnet som næraste nabo kan vi by på flotte badeplassar, sandstrender og svaberg og fine fiskeplassar frå land og i båt. Kano og robåt kan du også leige hjå oss. Nesholmen har også eit stort uteområde med banar for fotball, sandvolleyball, basketball og leikeplass.

Vil du nyte mat ute i flotte omgivelsar er det grillar og utemøblar til disposisjon. Nesholmen er godt tilrettelagt for funksjonshemma både inne og ute, og vi har også ein motorbåt som er tilpassa rullestolbrukarar.

Nesholmen er staden for naturopplevelsar for store og små, få eller mange. Den utrulege, vakre naturen innbyr til korte og lange turar i skog, fjell og kulturlandskap. I Hyen er det også mange sjåverdige kulturminne som er både spennande og interessante å undersøke.

Vi har ein total sengekapasitet på ca. 100 senger vår, sommar og haust. Det er mogleg å bu i telt, bubil og campingvogn (kun 10A straumkontakt).  I vintersesongen har vi ein sengekapasitet i underkant av 50 senger.

Nesholmen er eigd av Sogn og Fjordane KFUK/KFUM.
Vi har ikkje skjenkeløyve.

Kontakt oss

Adresse: Nesholmen, 6829 Hyen
Mobil: 909 24 500
E-post: post@nesholmen.no